
Kommunar er attraktive kundar for norske bankar. Låg risiko som låntakar, store betalingsstraumar og store bankinnskot gir kvar enkelt kommune betydeleg forhandlingskraft.
Interessa for å delta i anbudskonkurransar om slike avtalar er stor. Dette blir ikkje alltid utnytta godt nok.
Det er mogleg å spare betydelege beløp i netto finanskostnader ved å vere bevisst på kva som er best for kommunen, og ved å vere presis i utforminga av konkurransegrunnlaget.
Kommunalbankens teneste omfattar følgjande område:
• Gjennomgang av eksisterande bankavtale
• Gjennomføring av EØS-kunngjering, om nødvendig, eller
Doffin-kunngjering
• Gjennomføring av anbodsrunde eller "konkurranse med
forhandling"
• Utarbeiding av konkurransegrunnlag
• Evaluering av innkomne tilbod med samla tilråding
• Hjelp med forhandling ved "konkurranse med forhandling"
• Hjelp med kontraktsinngåing
• Deltaking i informasjonsmøte med bankane