
Grøn og glad. Barna i Ranemsletta barnehage
syntest den nye barnehagen er stor og fin. Overhalla kommune bygde
barnehagen med passivhusstandard og finansierte heile prosjektet
med grøn p.t- rente frå Kommunalbanken (foto: Jan Walbeck)
Rettleiing: Vi har som vår hovedoppgave å yte
generell objektiv rettleiing i samband med låneporteføljens
sammensetning, og vurdering og val av rentetilknytninger. Våre
kunde- og markedsansvarlige i utlånsavdelingen vektlegg rollen som
objektiv diskusjonspartner, og tilbyr kompetanseoverføring i
samband med finansielle spørsmål de måtte ha.
Ulike lånebehov: Det kan søkjast lån både til nyinvesteringar og refinansieringar, og til delfinansiering eller fullfinansiering. Det kan òg takast opp samlelån, for eksempel til alle vedtekne investeringar i budsjettåret. Låneprodukta blir heile tida tilpassa ønska og behova til kundane. Det blir tilbydd fleksibel nedbetaling innanfor føresegnene i kommunelova.
Topp rating: Kommunalbanken har den høgast oppnåelege internasjonale ratinga for langsiktige låneopptak, Aaa/AAA. I Noreg er det berre Staten som har ei tilsvarande god rating. Ratinga gjer at banken får gunstige vilkår på innlåna sine, noko som også gjer banken i stand til å vidareformidle svært gunstige rentevilkår til kundane.
Effektivt og gebyrfritt: Banken legg stor vekt på rask behandling av lånesøknad, rask og korrekt utbetaling og enkelt oppgjer. Det blir ikkje kravd gebyr for lån i Kommunalbanken.
Først i Noreg: Kommunalbanken lanserte som første norske finansinstitusjon grøn p.t.-rente.