Nettløysingar

Kommunalbanken har utvikla nettbaserte tenester som er baserte på ønska og behova til kundane våre. Nettløysingane skal vere verktøy vi meiner er nyttige i det daglege arbeidet.

Keyboard_blå_KBN

Mine lån i Kommunalbanken "Låneporteføljen"

Her får du direkte tilgang til eigen låneportefølje i Kommunalbanken. Alle lånevilkår er kontinuerleg oppdaterte, og systemet gjer det mogleg å sjå historikk på enkeltlån eller overordna porteføljeoversikt. Her finst også oversikt over garantiansvar. 

Funksjonar:

  • Rapport portefølje og detaljar på kvart enkelt lån frå innvilging og fram til i dag.
  • Nedbetalingsplan pr lån og for heile porteføljen.
  • Framtidige terminar for heile låneporteføljen. Oversikt over alle framtidige terminar i den perioden du ønskjer.
  • Garantiansvar, oversikt over kommunens garantiansvar.
  • Simulere nedbetalingsplan, byggjer opp nedbetalingsplan for eit kva som helst slags lån. Her ser du effekten av endra rentesatsar, løpstider eller beløp.
  • Simuleringsmodulen ligg også utenfor den personlege tilgangen som gir innsyn i bankens lånesystem, det vil seie ein treng ikkje vere kunde i banken for å bruke denne funksjonen.
  • Rapport Marknadsverdi
  • Portefølje rekneark 

Dei to siste funksjonane finst no som rapporteringsmoglegheiter i Excel som kan være ei hjelp til finansrapporteringa samt enn marknadsverdirapport med indikasjon på over-/underkursberekning på fastrentelån i Kommunalbanken.

Låneforvaltningssystem

Låneforvaltningssystemet blir no berre tilgjengeleg for eksisterande brukarar. Nye brukarar blir bedde om å bruke "Mine lån i Kommunalbanken".

Pålogging: