Vikersund Hoppsenter. Her er bygd verdens største skiflyvningsbakke (foto: Jan Walbeck)
-Eit stort anlegg skal haldast i orden og vedlikehaldsutgiftene er store. Vi ønskjer å utvikle hoppsenteret til å bli eit moderne hoppanlegg nasjonalt og internasjonalt, fortel Holseter.
Hoppsenteret har arbeidd for å få lokale og nasjonale samarbeidspartnarar for å sikre drifta av anlegget dei kommande tre til fem åra.
- Sjølv om vi har fått tildelt VM i skiflyging i februar, så har det meste av desse inntektene gått med til utbygging av hovudbakken, den største i verda. Det vi elles har av arrangement og vedlikehald, blir organisert med hjelp av dugnadsinnsats frå idrettslaget. Alt på frivillig basis. Det som blir skapt av verdiar pløyer vi tilbake til idretten, seier Holseter.
Første gang. Kommunalbanken har ikkje for vane å inngå denne typen samarbeidsavtalar med kundane sine. Som långivar til Stiftelsen Vikersund Hoppsenter har Kommunalbanken fått eit solid innblikk i korleis hoppsenteret blir drifta, det lokale engasjementet og samstundes kva planar dei har for framtida.
Banken har lenge ønskt å bli meir synleg og få fram si rolle som
langsiktig finansieringspartnar for kommunal sektor. Då det kom eit
spørsmål om å gå inn på ein samarbeidsavtale, valde Kommunalbanken
å bli med. Banken la også stor vekt på at det v
art
arrangert eit vellukka prøve-VM i skiflyging i fjor og at VM no i
februar skal gjennomførast med mykje mediemerksemd.
Samarbeidsavtalen gjeld i fem år. Kommunalbanken vil bli synleg i anlegget, og også på andre måtar vil det gå fram at banken er ein viktig samarbeidspartnar for stiftinga. På toppen av skiflygingsbakken er det bygd ei varmestove/møtelokale som har fått namnet "Vingen". Arkitektfirmaet er Snøhetta.
Stiftelsen Vikersund Hoppsenter. Vikersundbakkene eies av Stiftelsen Vikersund Hoppsenter og hovedbakken er verdens største skiflyvningsbakke. Hoppsenteret består av seks hoppbakker i forskjellige størrelser.
Initiativtakere til stiftelsen er Buskerud fylkeskommune, Modum kommune og Vikersund idrettsforening. Kulturdepartementet har tildelt hoppsenteret status som nasjonalanlegg. Stiftelsen har et låneengasjement med Kommunalbanken på ca 20 millioner kroner.