
Alle tilsette er involverte i arbeidet. Nye rutinar er lagde opp slik at det bevisst skal veljast meir miljøvennlege produkt, tenester og metodar. Dessutan er det lagt opp til ei rekkje interne tiltak som skal redusere bruken av papir og energi og redusere avfallsmengda. Formålet er ein samla reduksjon av skadelege utslepp og slitasje på naturen.
Dette er nokre av dei tiltaka Kommunalbanken gjer: Vi reduserer papirforbruket ved tosidig utskrift og kopiar, og oppmodar alle kundar om å ta imot dokument, rapportar og meldingar elektronisk. Det er òg laga løysingar på heimesida som gir kundane direkte tilgang til alle låneopplysningar slik at utskrift i grunnen ikkje skulle vere nødvendig.
Bankens daglege drift skal medføre minst mogleg avfall og leggje til rette for gjenvinning. Alt avfall blir kjeldesortert, og det blir ikkje brukt eingongsbestikk, -koppar eller -glas. Der det er mogleg, skal kjøp av varer og tenester føregå gjennom leverandørar som kan dokumentere miljømerking. For å redusere energibruken skal minimum alle PC-ar og lys vere avslått i helgar og om natta.
Det blir lagt opp til ei rekkje tiltak som skal oppfordre og motivere dei tilsette til å vere meir fysisk aktive gjennom for eksempel aksjonar som "Sykle til jobben" og trening i helsestudio. Helsefremmande tiltak er viktig for å førebyggje slitasjeskadar og sjukefråvær. Det blir òg satsa på intern informasjon om miljøtiltak generelt slik at dei tilsette blir meir miljøbevisste også i privatlivet. Kommunalbanken utfordrar alle kundane og samarbeidspartnarane sine til å ta ansvar for miljøet.
I ei miljøsertifisert bedrift blir desse
områda påverka:
• Internkontroll HMS
• Arbeidsmiljø
• Innkjøp og materialbruk
• Avfallshandtering og avfallsreduksjon
• Energi
• Transport
• Utslepp til luft og vatn, og støy
• Estetikk